mandag 13. januar 2014
Å VEKKJE OPP FRÅ DEI DØDE
For snart femti år sidan samla Harald Kjølås og eg i hop ein bunke krøllete tetttskrivne ark som låg i det rommet som låg i andre etasje nærast fotografen av dette biletet. Gravemaskinen stod nok ikkje og peste og dura den maidagen i 1964. Vi vørdsla dei handskrivne klenodia som om det var Codex Regius av den eldre Edda, og vi inngjekk ein avtale om forvaltningsretten. Harald skulle ta vare på skatten i to år, deretter var det min tur i to år, og slik skulle vi bytast om omsorga.
Utgangspunktet for kvart av skriftstykka var eit dobbeltark rive ut av skriveboka mi. Ei skrivebok med litt breiare sider enn ei vanleg lita skrivebok. og utbretta vart dette såleis eit firesiders blad. Øvst på første sida stod det med tjukke bokstavar: DET TIMES. Avisnamnet. Organ for engelskklassen. På eine sida av namnet stod ei miniatyrteikning av jordkula. På hi sida ei tilsvarande teikning av huset ovanfor, men sett mot hovudinngangen. Det var ikkje Eidsvollsbygningen, men bygd i same empirestil.
Vi var ungdommeleg stolte av verket vårt. Fleire andre medarbeidarar var engasjerte i skrivinga. Eg må iallfall nemne Magne og Kalle, som var faste spaltistar. Hovudmengda av stoffet kom likevel frå Harald og meg. Eg sleit ut nokre grøne kulepennar i teneste for den gode saka. Avisa kom ut med ujamne mellomrom frå våren 62 til våren 64, om eg minnest rett. Sidan ho berre kom i eitt eksemplar, gjekk ho på omgang, og Harald og eg gledde oss stort når vi såg jentene i klassen gå to i lag, smilande og lesande med kvar si hand på avislappen.
Tidleg om hausten to år seinare var Harald på bergenbesøk, og ved ein enkel, høgtidsam seremoni overrekte han meg avisbunken.
Men så skjedde det fatale. Harald kjem aldri til å tilgje meg. Avisa forsvann, nett som gulltavlene med Mormons Bok. Nei, ikkje fullt så mystisk og monumentalt. Eg hadde ein god ven som meinte at han skulle fikse oppkopiering av heile bladbunken, slk at alle frå klassen kunne få ein kopi. Hans gode veninne hadde tilgang på kopieringmaskin på jobben! Hugs, dette skjedde for snart 48 år sidan, så denslags maskineri var ikkje allment tilgjengeleg. Det var ein strålande ide, tenkte eg. Då.
Det var det ikkje. Kopieringa trekte ut, mange ting skjedde, og den uerstattelege manusbunken forsvann. Intenst eterforskingsarbeid har gjeve null resultat. Den gode hjelparen min vart knust av sorg og skam, og det er eg og, snart femti år seinare.
Så tenkjer eg som Brand, at "Evig ejes kun det Tabte" ... Eller kanskje det kunne ha vore ein variant av Bjednekniven til Rasmus Løland, ei forteljing som er til stor trøyst når det er noko eg saknar. Om guten som var så glad i kniven sin, miste han og drøymde om han i fleire år. Så fann han kniven att, heilt uskadd. Vonbrotet var overhendig. Kniven var då ikkje så flott som han hadde gått og drøymt om. Om han ikkje hadde funne han att, kunne Bjednekniven ha lege og blenkt i minnet framleis.
No er eg på rotur. Ansvaret for tapet er mitt. Aktløyse. Og eg skal ikkje og kan ikkje vekkje til live den tapte DET TIMES. Men eg vonar at du, min kjære klassekamerat kan vere med og skrive i denne nye utgåva av bladet. Om deg sjølv. Om minne frå firdatida. Eller noko heilt anna. Difor opnar eg denne bloggsida for innlegg frå alle dykk som eg har adresse til. Dersom du vil reservere deg mot å ha epostadressa tilgjengeleg, så ver gild og sei ifrå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Det var noko nær ei landesorg då det skjedde. Mitt Bergens-besøk enda i noko som kan likne eit gravøl, og det var ikkje så mykje eg hugsar frå togturen attende til Oslo.
SvarSlettMen livet gjekk vidare, og DET TIMES meir og meir i gløymeboka. Mykje av det vi skreiv om den gongen var morosamt der og då, men kanskje hadde det vore litt pinleg om vi skulle lese det i dag? Vi var flinke gymnasiastar og i høgste grad skriveføre, men temavalet var som regel veldig internt og tiltenkt eit publikum i same klasserommet. Kanskje hadde vi blitt skuffa om vi las det i dag, og oppdaga kor lite verdsvande vi var? Kanskje var det best at det gjekk som det gjekk?
Etter å ha pusla med studering ved Universitas Osloensis i 5-6 år vart eg sjanghaia av NRK, las dagsnytt og arbeidde nokre år som stortingsreporter. Det var ei triveleg tid med journalistikk på eit heilt anna nivå enn DET TIMES. Så vart eg kalla til å bli redaktør i Sunnmørsposten, og for ein sunnmøring er det uråd å seie nei til noko slikt. Der var eg i 33 år, fekk medalje for lang og tru teneste og det heile. No er eg pensjonist, men framleis skrivefør og skriv mykje både i avis og andre stader. På den måten held eg hjernen i vigør, men det blir for lita tid overs til trim og turning. Slik er no livet.