Akk ja! Dette var i den tida då norsklæraren kunne skrive oppgåvene på tavla. Til artium fekk me utdelt eitt ark med oppgåver til kvar. No er det ikkje måte på kva dei skal ha av hjelpemiddel og skriveri. Nok om det, lat oss ta eit blikk på oppgåvene vi fekk å sveitte over ein maidag for femti år sidan. (Kjelde: Hvem Hva Hvor, 1965. Slik såg det ut for elevar med bokmål som hovudmål, altså ikkje for oss i engelsk b-klassen.)
Her måtte nok oppgåvemakarane i Gymnasrådet skøyte på to dikttekstar. Og faktisk var det fleire av oss i klassen som heiv oss på diktanalyse på sidemålseksamen. Det fekk lektor Lars Ryssdal til å grøsse. Den slags hadde han knapt vore borti med oss i timane sine.
Men det gjekk vel bra, vel?
