onsdag 29. januar 2014

FLEIRE FIRDAMINNE

Eg hugsar enkelte utsegner som lærarane våre på Firda kom med, men dei fleste har avgrensa fagleg verdi. Kanskje det er derfor at dei har festa seg i minnet?
   Ein gong sa Ryssdal om A.O. Vinje at han rett som det var siterte seg sjølv. Det gjer eg òg når eg legg inn peikarar til min førnemnde blogg.

IVAR AASEN PÅ ROTUR

IVAR AASEN PÅ GÅTUR

O SYKKELSTYRE, O KJÆRLIGHET

ANNUITETAR

HUGS SMÅFUGLANE!

DEN GAMLE ALPELUE

SLAUREFAKTER PÅ SKULEN

FUSK OG FANTERI

SKULK OG FANTERI






tirsdag 28. januar 2014

THOSE WERE THE DAYS

Russeklasse B på engelsklinja våren 1964, Firda gymnas.
Framme: Kirsten Skorge, Aslaug Heimset, Kirsti Lystrup, Aasta Breilid, Ragnhild Valaker, Aud Alisøy.
I midten: Harald Kjølås, Rolf Gangeskar, Kari Jorunn Håve, Oddhild Oppedal, Eli Johanne Dale, Målfrid Menes.
Bak: Karl Ekroll, Ole Jakob Kandal, Magne Eikås, Reidar Kyrkjebø, Olav Hellebø, lektor Odd Berdal, Gunnhild Ekornes, Astrid Aursland, Synnøve Vinsrygg

mandag 27. januar 2014

MIMRING OG ATTER MIMRING

Som den durkdrivne nostalgikaren eg er, har eg mimra ein del på bloggsida mi TANKAR OM NO OG DÅ i nokre år. Tanken frå starten var at det ikkje berre skulle vere "tankar om då", men notidstankane har nok ikkje dominert. Der har eg òg mimra om firdatida, som du kan sjå nedanfor. Der stod òg den teksten som Harald publiserte nyleg. Og fleire andre, som eg ikkje finn i farten. Kanskje eg skal finne dei fram ein annan gong, om du ikkje gidd leite.

UT I VERDA

BAK I EI KRÅ

HEIMLENGT

EKLE SPØRSMÅL

HEILDAGSPRØVE OG APPELSINER

FEIL APPELSIN

MAKKØL OG EKKEL KNURR

EKSAMEN OG RUSSETID

EKSAMENSNERVAR

Tankar om no og då: HISTORISK DAG I WASHINGTON

Tankar om no og då: HISTORISK DAG I WASHINGTON

HARALD SER TILBAKE TJUEFEM ÅR

Eg tillet meg utan løyve frå opphavsmannen å leggje inn desse fem bileta frå tjuefemårsfeiringa i 1989.






mandag 13. januar 2014

Å VEKKJE OPP FRÅ DEI DØDE



For snart femti år sidan samla Harald Kjølås og eg i hop ein bunke krøllete tetttskrivne ark som låg i det rommet som låg i andre etasje nærast fotografen av dette biletet. Gravemaskinen stod nok ikkje og peste og dura den maidagen i 1964. Vi vørdsla dei handskrivne klenodia som om det var Codex Regius av den eldre Edda, og vi inngjekk ein avtale om forvaltningsretten. Harald skulle ta vare på skatten i to år, deretter var det min tur i to år, og slik skulle vi bytast om omsorga. 
   Utgangspunktet for kvart av skriftstykka var eit dobbeltark rive ut av skriveboka mi. Ei skrivebok med litt breiare sider enn ei vanleg lita skrivebok. og utbretta vart dette såleis eit firesiders blad. Øvst på første sida stod det med tjukke bokstavar: DET TIMES. Avisnamnet. Organ for engelskklassen. På eine sida av namnet stod ei miniatyrteikning av jordkula. På hi sida ei tilsvarande teikning av huset ovanfor, men sett mot hovudinngangen. Det var ikkje Eidsvollsbygningen, men bygd i same empirestil.
   Vi var ungdommeleg stolte av verket vårt. Fleire andre medarbeidarar var engasjerte i skrivinga. Eg må iallfall nemne Magne og Kalle, som var faste spaltistar. Hovudmengda av stoffet kom likevel frå Harald og meg. Eg sleit ut nokre grøne kulepennar i teneste for den gode saka. Avisa kom ut med ujamne mellomrom frå våren 62 til våren 64, om eg minnest rett. Sidan ho berre kom i eitt eksemplar, gjekk ho på omgang, og Harald og eg gledde oss stort når vi såg jentene i klassen gå to i lag, smilande og lesande med kvar si hand på avislappen.
   Tidleg om hausten to år seinare var Harald på bergenbesøk, og ved ein enkel, høgtidsam seremoni overrekte han meg avisbunken.
   Men så skjedde det fatale. Harald kjem aldri til å tilgje meg. Avisa forsvann, nett som gulltavlene med Mormons Bok. Nei, ikkje fullt så mystisk og monumentalt.  Eg hadde ein god ven som meinte at han skulle fikse oppkopiering av heile bladbunken, slk at alle frå klassen kunne få ein kopi. Hans gode veninne hadde tilgang på kopieringmaskin på jobben! Hugs, dette skjedde for snart 48 år sidan, så denslags maskineri var ikkje allment tilgjengeleg. Det var ein strålande ide, tenkte eg. Då.
   Det var det ikkje. Kopieringa trekte ut, mange ting skjedde, og den uerstattelege manusbunken forsvann. Intenst eterforskingsarbeid har gjeve null resultat. Den gode hjelparen min vart knust av sorg og skam, og det er eg og, snart femti år seinare.
   Så tenkjer eg som Brand, at "Evig ejes kun det Tabte" ... Eller kanskje det kunne ha vore ein variant av Bjednekniven til Rasmus Løland, ei forteljing som er til stor trøyst når det er noko eg saknar. Om guten som var så glad i kniven sin, miste han og drøymde om han i fleire år. Så fann han kniven att, heilt uskadd. Vonbrotet var overhendig. Kniven var då ikkje så flott som han hadde gått og drøymt om. Om han ikkje hadde funne han att, kunne Bjednekniven ha lege og blenkt i minnet framleis. 
   No er eg på rotur. Ansvaret for tapet er mitt. Aktløyse. Og eg skal ikkje og kan ikkje vekkje til live den tapte DET TIMES. Men eg vonar at du, min kjære klassekamerat kan vere med og skrive i denne nye utgåva av bladet. Om deg sjølv. Om minne frå firdatida. Eller noko heilt anna. Difor opnar eg denne bloggsida for innlegg frå alle dykk som eg har adresse til. Dersom du vil reservere deg mot å ha epostadressa tilgjengeleg, så ver gild og sei ifrå.